No er det hennar tur

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland holder en plakat som det står "Nå er det hennes tur" på.

Gjesteinnlegg av Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant (H)

På søndag kan du vera med på å gjera ein skilnad. Ein skilnad i enkelt-kvinners liv, ein skilnad i deira familiar sine liv, i landsbyar og lokalsamfunn.

Du kan vera med på å løfte opp menneske frå fattigdom og undertrykkjing til eit liv i respekt.

Eg har fått oppleve dette på nært hald. Gjennom vårt venskapssamarbeid mellom Stord og Comalapa i Guatemala sette vi i gong eit prosjekt med å få fleire kvinner inn i politikken. Som den gong kvinneleg ordførar frå Stord og med det rollemodell for desse kvinnene, fekk eg gleda av å vera med på å innsette 20 kvinnelege hjelpeordførarar i Comalapa. Eg gløymer aldri dei stolte nakkane, dei takksame blikka og den audmjuke tilnærminga dei hadde til rolla som dei på slutten av prosjektet vart tildelt.

Utdanning for unge jenter var det første dei ville løfte. Fordi dei meinte det var inngangbilletten til eit betre lokalsamfunn, utan vald, akoholisme og brutalitet. Deretter ville dei ta tak i plastproblematikken som var i ferd med å forureine alt drikkevatn.

På søndag er det TV-aksjon. I år går pengane til å løfte minst 400 000 kvinner, gje dei høve til å starte eiga bedrift, få eiga inntekt, starte eigne spare- og lånegrupper, få ei stemme i politikken og i lokalsamfunnet. Dersom kvinnene får desse moglegheitene, vil det gje positive ringverknader for 1,5 millionar menneske i nokre av verda sine fattigaste land. Kvinner gjev attende til familien og til lokalsamfunnet. Likestilling er ikkje berre viktig for kvinner. Alle tener på eit likestilt samfunn. Likestilling bidreg til å løfta eit heilt samfunn med omsyn til kompetanse, utvikling og fattigdom.

I åtte år har eg som ordførar i Stord vore leiar for TV-aksjonen. Å få lov til å løfte i flokk, slik vi gjer gjennom å gje, og å bidra med å gå med bøssa gjer noko med meg. Det skaper eit samhold på tvers av landegrenser og på tvers av kontinent.

Ingen i Noreg kan setje seg inn i dei forholda verda sine fattigaste lever under. Men vi kan gjennom empati og gjevarglede gjera vårt til at verda vert ein litt betre plass å vera for alle dei som lever med undertrykking og i den ytterste fattigdom. Søndag har vi alle høve til å hjelpe andre sterke kvinner som kvar dag kjemper for sine rettar, som har eit inderleg ønske om å sikre seg og sine familiar eit verdig liv. Dei er ikkje annleis enn deg og meg. Vi ber alle på den same draumen. Våre føresetnader for å nå den er så mykje betre enn deira. Gjennom TV-aksjonen kan vi bidra til å oppfylle tusenvis av draumar. La oss løfte dette saman, la oss dele draumen.